mandag 24. november 2008

Glimt frå "Kontoret"eller mannbrands gutterom:)

Oppussinga tek si tid. Vi har vel igrunn sett det meste på hold for vinteren, ikkje so greit med hverken malingslukt eller gasser når vi må holda oss mykje innomhus, og dagane strekk ikkje til med to fulle jobbar og to herlige aktive små barn. Viser derfor litt bilder av det vi fekk gjort i sommar og tidlig i haust:
Vi koser oss begge i det nylig oppussa kontoret i første etage, vi har malt veggene i "Ida", ein varm kvit farge som eg synst går mot rosabrune toner. Taket er malt so og sei kvitt, Nord heiter fargen. Herligt med eit rom der du kan lukke døra og ta ei rolig økt ved pcen, vi har sett inn ein retro sofa som kan bli dobbel sovesofa, VOILA; Kontoret blir til Gjesterommet :)
Gave fra meg til mannbrand. . Må jo ha noko fint å sjå på når han sit og jobbar! Dette metallskiltet med drikkereklame kom eg over på Lidl, som dsv er historie førebels. Berre kjedelige Rema butikker med standar varer no. sukk. Håper nokon tør å satse igjen!

Bur ein med ein biolog lyt ein berre akseptere at det set sitt preg på huset. Men desse plakatane synst eg faktisk er rimelig kule :) Men viss mannbrand spør nektar eg plent for å ha sagt det! Dei inngjekk nemlig i ein avtale som gav meg lov til å sette mitt noko feminine preg på soverommet vårt, mot at han innreidde kontoret. Hehe.


Benkeplata er to enkle furuplater frå ikea, som han har limt, sett i press, malt med svart maling og tilslutt lakka tre lag med blank lakk for å få eit høgglansa uttrykk. Metallvifta er dekorativ og uunnværlig på varme dagar. Du ser sovidt gjennom persiennene frå Jysk(billigaste på markedet, tru meg! Men heilt like gode som andre myyykje dyrare merker.)ut i hagen med dissetreet og plenen.



Synst desse skapdørene er so vakre eg, men dei var pyton å male, dryppte maling for kvart strøk eg tok med kosten. Men det gir rommet eit preg av koloni/sommarhus som eg liker godt. Godt med ein pause i oppussinga og, men skal bli kjekt å få alt ferdig! Takk for at du kom innom:) Ha ei strålande vinterveke!



2 kommentarer:

  1. Så flinke dere er! Blitt et kult rom ja : )

    SvarSlett
  2. Så stilig!! Kjempefint ble det.Likte så godt de lekebilene..hvor har du funnet dem?

    SvarSlett