mandag 1. desember 2008

Adventstid i heimen:)

Stjerna viser vegen heim i vintermørkret!


Engler daler ned i skjul-noko eg trur dei gjer heile året-ikkje kun i adventstida :)



Vart so inspirert av Rosa http://rosaunivers.blogspot.com/ sitt innlegg om adventstida der i heimen, at eg tenkte eg ville fortelje litt om advent her i huset:) Her er vi ikkje på langt nær ferdige til jul, men vi har då kome eit stykke på i veg.. Dei fleste julegåver (Vi gjev kun gåver til borna og dei single vaksne, det har heldigvis alle i slekta vore med og avtalt..) er kjøpt inn, Heldigvis. Klarar ikkje å tenkje på å stå i milelang kø i til dømes ToysRUs i desember-eg skyr heile Lagunen (Storsenteret her i Fana)denne månaden-so sannt eg kan :)

Eg har sett kvite lys i stakane, Kvite englar "flyr" rundt omkring i stova, vi har lagt på kvite
dukar, sett opp kvite lys på to buskar ute i hagen, og lagt kvite julekuler til pynt i Norgesglas, synst det er so mørke dagar, treng so til litt lys! Men vi skal bake , dei små har fått forkler og kjevle av mormor:) Ha juleverkstad med juleklypp, høyre musikk og lesestunder og samling om Blåfjell på BarneTV. Resten av Julepynten, juledukane, julekrybba og treet kjem ikkje opp før seint på kveld vesle julafta..Vaskinga tek vi litt om litt.


Denne lyser opp kjøkkenglaset- Kjøpt på romjulssalg på Åhlens for snart 1 år sidan :) Synst den med sine svarte plastkrystallane vart eit artigt innslag i heimen då den meir tradisjonelle elektriske trelysestaken tok kvelden.


Morsomt vikingeskip kjøpt på Fretex. Må jo ikkje bli altfor høgtidligt her heller-tjihihi :)

På koseligt bake-besøk hjå mormor! Her beundrar dei det flotte lystreet hennar.

Kos deg med adventstida!! Tid saman & ein tur eller fleire i den flotte Fanakyrkja er advent for meg:)

1 kommentar:

  1. Så hyggelige adventsaktiviteter hos dere! Vi gleder oss til jul!! Klem Mona

    SvarSlett