søndag 15. februar 2009

Berlin-glimt !

Mykje spennande & gøy embalasje når ein er på tur i "Det store utland". Denne sjokoladen vart kjøpt eine og aleine på grunn av den fine metalleska.. Var faktisk ikkje klar over at det var sjokolade, trudde det var drops i ho..Men sjokoladen var mørk og riktig så god-ikkje noko dårlig kjøp med andre ord:)

Gaver til dei heime måtte jo til- Desse nydelige armbanda vart Storesyster sine, ho var vel førnøgd med det. Mannbrann samlar på slike minibilar i metall, og det ser jammen ut til at Veslebror har arva interessen-so for husfreden skyld vart det ein Trabi-bil til kvar av gutane mine :)



Her er eg på StatsOperCafeen..Kakebordet her er viden kjent; Mmmmmm..Ingen ytterligere kommentarer..

Utan noko samanheng for øvrigt, men:


Ei vekt på U-bahn. Utrulig stilig. Skulle gjerne hatt ho med heim!!



Filmfestivalen begynnte den veka vi kom-so vi måtte jo drive litt kjendisjakt på Potsdamer Platz :)

I Berlin kjentes det ut som våren var her alt... Vi hadde plussgrader, bare grasbakker med grøne skudd, og solglimt alle dagane..



På historisk grunn.. En fot i vest & en i øst.. Sjølv om eg jo har visst det, so vart det heilt nytt & sterkt for meg, at ein by kan bli delt på denne måten, midt inne i eit land, for grensa mellom øst og vest låg jo ikkje her, heile Berlin ligg jo midt i det gamle DDR. Tenk om vi vakna ein dag og fann Bergen delt i to med ein høg mur, og ingen mulighet for å nå slekt og vener, arbeid og butikkar i andre delen..



På markedet ved Hackesche Höfe, kan anbefales på det varmeste, nydelig bydel med sine fantastisk sjarmerande & ofte bittesmå butikker, boliger, kafeer og resturanter..


Her ynskjer eg meg tilbake når rosene blømer!!!!






Ja, dette er Brandenburger Tor anno 2009-No atter ein gong med bebyggelse tett innpå-alt vart reve for å holde oversikt over området kring muren i august 1961..


Riksdagshuset..Med vakre vintertrær i tåka.


Inne i 6.etaseje på kjøpesenteret KaDeWe (KaufHausDesWesten) Er du glad i mat go drikke må du sette av tid her! Senteret er over hundre år gammelt & rommer alt du kan tenke deg (og ikkje engang kan forestille deg !)av matretter, spesialiteter, Smykker, klær,sjokolade og vin mm. Puh-kunne lett brukt ei veke berre her:)


Meget god kinamat-både for auge & gane..


Kjekt om denne vesle smakebiten av Berlin har frista deg til å besøke byen! Eg vil tilbake, skal hente ein koffert eg gløymte der :) Tjihi..

God veke frå IngridMarie

2 kommentarer:

  1. Oh så gøy å se bildene fra Berlin....Jeg var der for 11/2år siden,og falt pladask for byen.Så nå skal jeg vise bildene til mannen min..og friste han....Go`uke til deg fra Maliva

    SvarSlett
  2. Det såg såååå kjekt ut!!!! Fantaserer om ein jentetur til Køben, men no vart eg frista til å tenke Berlin i staden........Kakebordet....eg har ikkje ord. Ja takk!!!!!!!;)

    Ha ei flott veke.
    KLem:0)

    SvarSlett