tirsdag 3. februar 2009

Måtte bli med..6 biletet i 6 mappa

Kanskje ikkje mitt beste bilde, sånn reint teknisk, og med pappa si hand i høgre biledkant... men det har no likevel sin sjarm.. Vi er på sommartur til Farmor og Farfar i Molde, og fekk oppleve ein fantastisk fin sommar - Nett slik eg hugsar frå barndomen:) Sol &bading heile tida. Ja, og sjølvsagt litt mygg, brennmaneter og skrubbsår, men det høyrer jo med:) Dokkevogna er autentisk 70tal, og har gleda mange småjenter oppigjennom, mellom anna dei tre tantene til barna. Storesøster er so stolt-du ser det nesten av holdningen;) Lillebror likte også å kjøre vogna,so det vart litt kiving om henne innimellom..

Hiv deg med du og då, viss du vil vise bilde nr 6 i den 6 mappa di ;)

Mvh IngridMarie

1 kommentar:

  1. Koselig bilde.. Men det er jamen meg mange rare bilder som dukker opp på denne utfordringen her;)

    SvarSlett