søndag 9. november 2008

Farsdag & Bursdag!

Her var det fullt hus i helga, vennebesøk med fire store og fem små på lørdag, samla til kakemannbaking og rømmegraut..mmm. På søndag var vi ni store og seks små samla til familiefest med feiring av bursdager og farsdager :)

Her er ein av presangane, den inneholdt ei nydeleg lita rød og kvitprikkete mugge fra GreenGate!

Måtte berre bruke dei herlige CarlLarsson inspirerte juleserviettane frå Åhlens, sjølv om det er lenge til jul enno.. (43 dagar! Hjelp, her må vi snart sette i gang!)Men stas å få dekke med dei når nesten alle i familien var samla! Vi bur spredt rundt om i landet, so det vert ikkje so ofte at alle mine søsken m familier samles.. Det store Juleselskapet 2.dag skal vi feire hjå søstra mi og familien hennar i år, då vert vi 11 vaksne og 8 små.. Ungane fekk rødbrus på glassflaske, med sugerør.. Nett slik vi fekk då vi var små:) Steminigen og aktiviteten stod i taket, nett som før i tida det også! Det gjorde godt med ein tur ut for å leike i novembertussmørket, før kaffimaten!
Festbordet dekka.. Nytt og gamalt i skjøn forening:)


Her er fleire av gåvene eg fekk, sjølv om bursdagen ikkje er riktig enda... Sett med fire djupe tallerker frå Figgjo i mønsteret Nora, ein liten grøn og kvitdekorert liten vase i glas, og ein stor 70-tals keramikkvase i bruntonar.. Alt saman passar veldig godt inn hjå meg! Sjekk kor det står til gardinene alt saman, hehehe:)

Far sine gaver til farsdag, et bruktfunn av ei lommelerke frå England, nytt gammelt hefte i favorittteikneserien, og inni gavepakken var det ei led-lykt frå ClasOlson..Kansje ikkje det mest originale, men populær vart ho :)
Med ynskje om ei fin veke frå ingridmarie!



1 kommentar:

  1. Så mye fint du har fått-gratulerer med dagen!

    SvarSlett