torsdag 27. november 2008

Kalendere i fleng :)

Har sjuke barn heime i dag, og midt i all laging av saft, skifting av bleier, trøsting, megling, boklesing, matlaging, rydding, være med å pusle-ing,og sette på dvdar-ing, lurer eg meg til å lukke øyrene for mas på mammaaaa, og tek ei økt innom her på bloggen.. Koser meg med ungane altso, men det går i eitt..


Er ikkje so begeistra for alt dette kjøpepresset eigentleg, so eg har ikkje starta med slike kalenderar der mor spring heile desember for å finne noko som skal vere lærerikt, underhaldande,utvikle estetisk sans og helst koste under ein tiar,dagleg i 24 dagar. Hehe.. IKKJE LETT DET DER!
So er jo ungane våre so små enda, at dei ikkje heilt får med seg kva det går i, men eldstejenta fortel om MANGE i barnehagen som skal ha gave-kalender. (Trur det kan begrense seg til dei to andre jentene på hennar avdeling, som ho ser svært opp til altså..) Ikkje at er eg so begeistra for sukker heller, men det gjer eg eit unntak for no i desember, og begge ungane får ein liten sjokoladebit i kalenderen dagleg..

Her er det tilgong, og reklamen som rår-eller kansje det faktum at eg høyrer om Barbie og Lynet McQueen kvar einaste dag, både i jobb og i privat setting :)



Men aller mest glad er eg i kalenderar som berre er vakre, gjerne med eit dikt eller fint bilde inni, som då vi var små :) Og det har eg funne! Alle bilda her er av denne. Ja, eigentleg fann eg denne alt i fjor, men klarte ikkje å opne lukene, for framsida var so vakker:)



Fleire glimt frå kalenderen..

Lurer på om eg klarer å opne den i år...


Her ser de kven som har rettighetene til denne kalenderen, den heiter "Jul på slottet"og er designa av Barbara Behr.



Dette er ein trekalender eg kjøpte på halv pris på Åhlens i januar for nokre år sidan, den har ganske små luker, men er super til å putte små hyggelige lappar med dikt eller ros oppi. Den får illustrere både seg sjølv og pepperkakehuset som snart skal settast i hop og pyntast med mørk type Nonstop og melis.mmmm .Gler meg like mykje som ungane..


Elevane mine skal ha "Frå hjartet"-kalender på skulen. Eg har klypt ut raude hjarter og limt på teksten ; "I dag har eg gjort............ glad, ved å ................" Vi trekk kven som skal få eit hjarte med heim til neste dag, og so heng vi dei opp slik at vinduet er fullt ved starten av juleferien :) Det høyres kansje kjedelig ut for nokon, men barna er so stolte når dei les eller fortel kven dei har gleda! Sukk. Blir like rørt kvar dag eg, heile advent gjennom!


Ha ei flott adventstid- uansett kva kalender du går for :)

5 kommentarer:

  1. Fra hjerte-kalender...takk for tipset. Jeg har kun hatt sånn gavekalender på skolen en gang i løpet av 15 år - og det var fordi en foreldregruppe krevde det - etter at jeg hadde trenert dette i mange år. Var visst sånn alle hadde :). Men var vel første og siste gang jeg lot meg overtale til det. Skurrer litt i skolefilosofien min. Jeg bruker å lage aktivitetskalender i klassen min. Dagens luke er en aktivitet eller et gavekort på en hyggelig ting de kan ta ut en annen gang ut skoleåret. Det kan være en lek, en ekstra høytlesningsøkt, en ekstra time i gymsalen, kaste-snøball-konkurranse ++. Også populært - og da deler man jo gavene med hverandre. Jula er vel mer enn nok komersiell om vi ikke skal dra det inn i klasserommet også...
    God kveld :)

    SvarSlett
  2. Ingen gavekalender her i huset heller. Ungane er litt små enno, og eg ser at det lett vert mykje dill-dall som forsvinn like fort som det kom. Eg er nemleg ikkje så kreativ av meg;) Så her i huset vert det nybrodert julekalender med små sjokoladenissar på. Trur ikkje det spelar så stor rolle for ungane så lenge det er ein kalender.

    Kalenderen du kjøpte i fjor, men ikkje klarte og opna var fantastisk nydeleg. Skulle gjerne hatt ein slik, og eg skjønar godt du ikkje har hjerte til å opna han:)

    Ha ein fin kveld. Klem:0)

    SvarSlett
  3. Oi her var mange gode idder til julekalendere ja ! :)
    Her i gården er det som regel en blanding av gave/aktivitetskalender - og iår blir det at ungene får åpne hver fjerde dag ...derfor kommer jeg til å putte litt skikkleige ting i hver pakke , og ikke så mye plastikk-fjas.
    Men hihi , har ikke rukket å kjøpe en eneste ting ennå - så jeg får vel ta en effektiv handlerunde på lørdag , til Våge kanskje ! ;)

    Håper prinsessa kommer seg raskt igjen da - god bedring til henne ! :)
    Og en til deg ! :)

    SvarSlett
  4. Hei Hei

    Flott kalender, den var jo så dekotariv!

    Mine elever får aktivitets kalender i år, har vurdert det hjemme også men det får kanskje blir til neste år..

    Vi henger hjerter på vinduene med tall framme og en aktivitet på baksiden.
    Da pynter vi på klasserommet samtidig som vi gjør noe artig sammen hver dag! :)

    SvarSlett
  5. Så fin den är - Jul på slottet. Och inte behöver du väl öppna luckorna, den är ju så vackar att ha framme år efter år som dekoration.

    Helt underbar idé med "Frå hjartet"-kalendern. Tycker det låter utmysigt!

    Ha en riktigt fin helg!

    SvarSlett