mandag 2. februar 2009

Hurra! Eg vann! Takk GundaM!

Eg måtte berre skrive eit lite innlegg med stor takk til snille GundaM, som deler rundt seg av vakre stemninger, nydelige strengarbeider, vakre skulpturer, gjerne med eit naturprega rusta fargespel, og no altså med den nydelige babyblå Nigella lawson vispen-som eg vann :) Her hjå meg skal den vesle lyseblå Visp få komme i godt selskap med storesøster Sil, som eg fekk av søstra mi til bursdagen i november :)

Litt feiring må til når ein er so heldig å vinne ! Tjihi-eg er ellers Livsnytar med stor L, og finn på noko å feire stadig vekk, synst vi har so mange kvardagar ellers.. I kveld vart det enkelt og greit Spraykrem frå Tine, med sjokoladerisp på... MMMM. Viss du drar kjensel på den litt avlange skeia, so er det ei av fleire skeier eg maste til meg på flyreiser med gamle Braathens Safe :)


Oj-såg først no at bildet, lånt frå Boligfryd, var bittelite, men du får eit inntrykk av kva Sil & Visp det er snakk om ;)


Der var jammen kremen spist, då skal eg krype opp i sofakroken under pleddet, nyte at dei små gullungane søv, husbonden e på fotballtrening, og eg kan endelig få lest litt i nyeboka mi.
Kaldt i Bergen i kveld, kansje eg skal hive ein kubbe i peisen, det vert so skikkelig lunt i huset då.
Ynskjer deg som kikker innom ei fin kveldstund der du er :)

1 kommentar:

  1. Grattis! Alltid kjekt å vinne..ikke minst å få noe i posten..Kos deg!:o)

    SvarSlett