torsdag 23. oktober 2008

Innekos i hauststormen..

I dag er det ikkje anna å gjere enn å kose seg innomhus her i Bergen.. Folk prater om 5årsstorm og flom, eg merka no mest til vind og mykje vatn i gatene pga tette kumlokk:)

Glad vi kom oss vel heim frå jobb&Barnehage alle, to vannplaningar er nok på ein dag synst eg.. Heldigvis hadde eg god nok avstand til bilen framfor-og takk og pris for at eg ikkje holdt stor fart. Kombinasjonen bil, mykje vatn i vegen og brustein er ikkje den beste?!
No skal eg roe nervene med ein god kopp Pukka-te, kjøpt på Berthas Oldebarn på Sletten Senter, og boka eg held på å lese i.. Hadde jo tenkt meg på salget til Tilbords på Midtun i dag, men brukte so lang tid ut av sentrum i dag at eg gav opp-Kansje i morgon? Men mi kjære søster ringte i stad-ho har inne ei bestilling på Boligfryd og lurte på om eg ville dele porto:) So då blir det litt julegavehandling i dag likevel!




Ynskjer dåke ein varm, tørr og god kveld, jenter!

3 kommentarer:

  1. Heisann

    Ja, nå er det innetid og te tid. Været her i Stavanger er helt ufyselig. Regner uten stopp og vinden uler. Uff uff.

    Kakamann oppskriften skal jeg prøve ut og takker for at du la ut den:)

    Ha en fin og varm kveld

    hilsen Gamlå

    SvarSlett
  2. I slikt ver er varm drikka og inekos det einaste som verkar. Med masse stearinlys attåt vert det nesten koseleg......

    Ha ei god helg:)

    SvarSlett
  3. Ja, no er det best å halda seg innandørs. Her regnar og bles det frå alle kantar. Så tenn stearin lys og ha ein fin søndag.

    SvarSlett